Sjivelutsj
Sjivelutsj (russisk Шивелуч) er den nordlegaste aktive vulkanen i Kamtsjatka kraj i Russland. Han vert stundom kalla Sjevelutsj (Шевелуч) eller Sopka Sjivelutsj.
Sjivelutsj | |||
fjell | |||
Sjivelutsj sett frå rommet i juli 2007.
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kamtsjatka | ||
Fjelltype | Stratovulkan (aktiv) | ||
Høgd | 3 283 moh. | ||
Primærfaktor | 3 168 m[1] m | ||
Siste utbrot | 2008 | ||
Lettast tilkomst | Enkel fjell- og snøklatring | ||
Koordinatar | 56°39′12″N 161°21′36″E / 56.65333°N 161.36000°E | ||
Sjivelutsj 56°39′13″N 161°21′47″E / 56.653633333333°N 161.36296666667°E | |||
Wikimedia Commons: Shiveluch |
Sjivelutsj byrja å ta form form om lag 60 000 til 70 000 år sidan og har hatt minst 60 store utbrot i løpet av holocen.[2] Det er tre delar av vulkanen, stratovulkanen Gamle Sjivelutsj (Старый Шивелуч); ein eldre kaldera, og den aktive Unge Sjivelutsj (Молодой Шивелуч) med ei høgd på om lag 2800 meter over havet.[3]
Den siste utbrotet frå Unge Sjivelutsj starta 15. august 1999 og held på framleis (2008).[2] 11. april 2023 sende vulkanen ut ei sky på 10 km fylt med vukansk gass og oske.[4][5]
Galleri
endre-
Sjivelutsj (raud flekk).
-
Sjivelutsj den 9. mai 2004.
-
Sjivelutsj i 2008.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shiveluch» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kamtsjatka høgprominente toppar på peaklist.org
- ↑ 2,0 2,1 Smithsonian Institution Global Volcanism Program: Sjivelutsj
- ↑ Vulkanar på Kamtsjatka frå holocen[daud lenkje]
- ↑ «Eruption in Russia's Kamchatka threatens aviation -response team». Reuters (på engelsk). 11. april 2023. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Shiveluch volcano: Video shows Russian village under 8.5cm of ash». BBC News (på engelsk). 11. april 2023. Henta 11. april 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Sjivelutsj webkamera Arkivert 2008-02-21 ved Wayback Machine.
- Google MapsDenne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.