Ei sjokkbølgje er ein slags forstyrring som forplantar seg. Som ei vanleg bølgje fører ho energi og kan forplante seg gjennom eit medium (fast stoff, væske eller gass) eller i somme tilfelle utanom eit materielt medium, som eit elektromagnetisk felt. Sjokkbølgjer er kjenneteikna ved ei brå, nesten diskontinuerleg endring i eigenskapane til mediet.[1] På tvers av ei sjokkbølgje er det nesten alltid ei brå endring av trykk, temperatur og tettleik. Ei sjokkbølgje flyttar seg gjennom dei fleste media med ein høgare fart enn ei ordinær bølgje.

Schlierenfotografi av ei sjokkbølgje ved ein lekam i overlydsfart.

I motsetnad til solitonar (ei anna form for ikkje-lineær bølgje) dissiperer energien i ei sjokkbølgje relativt raskt. I tillegg vil den tilhøyrande utvidingsbølgja nå og stundom slå seg saman med sjokkbølgja, slik at ho delvis vert utjamna. Lyden som følgjer eit fly som bryt lydmuren er lydbølgja som kjem av at sjokkbølgja og utvidingsbølgja som flyet skapar slår seg saman.

Når ei sjokkbølgje går gjennom eit stoff vert den totale energien bevart, men energien som kan utvinnast som arbeid og entropi aukar. Dette fører til dømes til ei friksjonskraft på flyet som bryt lydmuren.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Anderson, John D. Jr. (January, 2001) [1984]. Fundamentals of Aerodynamics (3rd utg.). McGraw-Hill Science/Engineering/Math. ISBN 0-07-237335-0. 
  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.