Sjokolademjølk er ei fellesnemning på mjølkeprodukt med sjokoladesmak. Sjokoladesmaken kjem frå kakao som er innblanda i mjølka, saman med andre smakstilsetjingar, som til dømes sukker og aroma. Næringsinnhaldet i sjokolademjølka varierer mellom ulike produsentar og produktseriar. Fleire produsentar tilbyr variantar med lågt feittinnhald; såkalla «lettprodukt».

Sjokolademjølk

Sjokolademjølk vert gjerne nytta som sjølvmedisinering etter ein kveld med mykje inntak av alkohol eller andre rusmiddel. Denne reparasjonseffekten kan snart verte meir effektiv, då den danske sjokolademjølka Cocio no skal komme i ein alkoholhaldig versjon.

Kjelder

endre

tine.no matportalen.no Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.