Skålavegen i Molde

Skålavegen er ein del av fylkesveg 64 i Molde kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Vegen vart opna 24. mai 1991 og går frå kryss med europaveg 39 i Lergrovika gjennom den 2743 meter lange Fannefjordtunnelen under Fannefjorden, vidare over Bolsøya, over den 555 meter lange Bolsøybrua over Bolsøysundet og møter den gamle riksvegen mellom Grønnes og Røvik på Skålahalvøya.

Fannefjordtunnelen kryssar under Fannefjorden og er ein del av Skålaveien.
Bolsøybrua kryssar Bolsøysundet og er ein del av Skålaveien.

Skålavegen vart bygd som fastlandsamband for Bolsøya og som eit ferjeavløysingsprosjekt, og erstatta ferjestrekningane Molde-Bolsøya, som var ei mindre fylkesvegrute, og Lønset-Grønast, som inntil opninga til vegen var fylkesveg 64 si kryssing av Fannefjorden.

Vegen var delvis bompengefinansiert med ein estimert løpetid (nedbetalingstid) på 20 år, men var nedbetalt etter 14 år, og vart bompengefri klokka 12 den 15. juli 2005.

Sjå ògEndra

KjelderEndra