Skansen
Skansen er eit svensk friluftsmuseum med dyrepark på Djurgård i Stockholm. Det ligg i Kungliga nationalstadsparken.[1] Skansen blei grunnlagd av Artur Hazelius, og blei innvigd den 11. oktober 1891. Namnet kjem frå ein skanse som Karl XIV Johan lét bygga for sonen sin Oskar I til å nyttast som leikestad. Denne skansen låg ved sida av den noverande Håsjöstapeln.[2] I 2014 var det rundt 140 bygningar frå Skandinavia på Skansen. Den eldste var det norske Vastveitloftet frå 1400-talet.
Skansen | |||
| |||
Stad | Stockholms kommun | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1891 | ||
Skansen 59°19′28″N 18°06′04″E / 59.32445°N 18.101°E |
Historie
endreGrunnleggjaren av Skansen, Artur Hazelius, var uroleg for at svensk folkekultur skulle gå tapt. Sommaren 1872 drog han på ei innsamlingsreise som han kom tilbake frå med fleire gjenstandar, folkeminne og litteratur. Samlingane blei synte fram i Drottninggatan 71 (i Davidsons paviljongar) i Stockholm under namnet «Skandinavisk-Etnografisk samling». Samlingane voks raskt, og Hazelius tilbaud den svenske staten samlinga som gåve. I 1880 grunnla han ei stifting som fekk namnet «Nordiske museet» som hadde ein bygningsfond for å reisa ein museumsbygning som kunne erstatta dei tronge lokala i Drottninggatan. Kongen tilbaud ei tomt på Lejonslätten der Nordiska museet blei reist for å ta vare på og visa fram samlingane.[3] Hazelius hadde også vitja og blitt inspirert av godseigaren og riksdagsmannen Alfred Bexell i Halland, som allereie på 1870-talet hadde kjøpt den såkalla Bålastugan med alt inventar, og flytta henne til det fyrste friluftsmuseet i landet. Bygningen frå 1700-talet er i dag ein del av Hallands kulturhistoriska museum i Varberg.
Det neste steget for Hazelius var å få tak i ei større område der ein kunne ta vare på heile bygningar for framtida. Dette kom til å bli Skansen, men Nordiska museet og Skansen var ein og same institusjon fram til 1. juli 1963, då Skansen blei si eiga stifting. Meir enn 30 000 gjenstandar på Skansen tilhøyrer eigentleg Nordiska museet, men er plasserte på Skansen som langtidslån.
Kjelder
endre- ↑ Schantz, P. 2006. The Formation of National Urban Parks: a Nordic Contribution to Sustainable Development? In: The European City and Green Space; London, Stockholm, Helsinki and S:t Petersburg, 1850-2000 (Ed. Peter Clark), Historical Urban Studies Series (Eds. Jean-Luc Pinol & Richard Rodger), Ashgate Publishing Limited, Aldershot, pp. 159-174
- ↑ Hasselblad (1982), s. 68
- ↑ Nordiska museet - arkitekttävlingen och museibygget, Erik Andrén i Fataburen 1967
- Denne artikkelen bygger på «Skansen» frå Wikipedia på svensk, den 8. desember 2024.