Julius Kronberg
Julius Johan Ferdinand Kronberg (11. desember 1850–17. oktober 1921) var ein svensk målar, ein av dei mest framståande kunstnarane i landet i perioden 1870-1920. Han utsmykka mange kjende bygningar i Stockholm.
Julius Kronberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 11. desember 1850 Karlskrona stadsförsamling |
Død |
17. oktober 1921 (70 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar |
Sjanger | historiemåleri |
Ektefelle | Pauline Ahlberg |
Born | Margherita Kronberg |
Julius Kronberg på Commons |
Liv og gjerning
endreAllereie som fjortenåring fekk Kronberg plass ved kunstakademiet i Stockholm. Her slutta han seg mest til Johan Christoffer Boklund og hans historiemåleri, som Kronberg kom til å ta til seg som sitt eige. Også ei kort tids studiar med Johan Fredrik Höckert kom til å spele ei viktig rolle for kunsten hans. I 1870 fekk Kronberg gullmedalje for måleriet Gustav Vasa mottager bibelöversättningen.
Med eit reisestipend fór han i 1873 til København, Düsseldorf og Paris. Under eit kort besøk i Venezia i 1875 laga Kronberg allegorien Våren, eit bilete som innleia ein serie med fargesprakande og fantasifulle dekorative verk. I lengre tid budde han i München, der han innretta studiane mot dekorativt måleri, før han i 1877 busette seg i Roma. Kronberg vart både i München og Roma kjend med fleire norske målarar og forfattarar, mellom andre Henrik Ibsen.
I Roma omarbeidde Kronberg sitt tidlegare måleri Våren til ein ljosare versjon, med ein koloritt som minner om kunsten til Giovanni Battista Tiepolo. Samstundes måla han to sidestykke til verket; Sommar og Höst (1881). Elles måla han særleg historiske og mytologiske motiv som Kleopatras död (1883), David och Saul (1883), Romeo och Julia på balkongen och i gravvalvet (1886), Drottningen av Saba (1888) og Hypatia (1889).
Ved heimkomsten til Sverige i 1889 busette Kronberg seg i Stockholm, der han i tida 1895-98 var professor ved kunstakademiet. I heimlandet fekk han ei mengd utsmykkingsoppgåver, og det er desse han i dag er mest kjend for.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Julius Kronberg» frå Wikipedia på svensk, den 24. februar 2014.