Skeiðará (islandsk uttale skeithar-ao) er ei relativt kort elv på Island. Ho er 30 km lang og har utspring ved Skeiðarárjökull, ein av dei sørlege armane til Vatnajökull sør på Island.

Skeiðará
elv
Land  Island
Kart
Skeiðará
63°47′00″N 16°56′00″W / 63.783333333333°N 16.933333333333°W / 63.783333333333; -16.933333333333
Wikimedia Commons: Skeiðará

Trass i at ho er kort har ho dårleg rykte, særleg på grunn av dei mange farlege jökulhlaupa som oppstår i elva.

Føre Skaftafell nasjonalpark har Skeiðará danna Skeiðarársandur, ei svart slette av lavasand og oske med mange små bekkar som dekkjer heile området mellom nasjonalparken og sjøen (om lag 40 km lang og 5-10 km brei). Det siste store jökulhlaupet fann stad i 1996 og øydela delar av hringvegur, den islandske ringvegen. Den 880 meter lange brua over elva vart øydelagd av flytande isblokker på storleik med hus. Då flaumen var på sitt høgaste hadde elva ei vassføring på 45 000 m³/s. Ingen personar vart skada sidan flaumen var varsla av forskarar som nøye overvaka vulkanen Grímsvötn under Vatnajökull, som skapte flaumen etter utbrotet sitt.

Sjå òg endre