Opna hovudmenyen

Grímsvötn er ei samling innsjøar på Island. Dei ligg på Det islandske høglandet på nordvestsida av isbreen Vatnajökull og er dekte av iskalotten til breen. Under dei ligg eit stort magmakammer og ein kraftig vulkan. Sjøane ligg i ei høgd på 1 725 moh.

Blöndulón
innsjø
Iceland Grimsvoetn 1972-B.jpg
Grimsvötn sommaren 1972
Land Flag of Iceland.svg Island
Område Vestur-Skaftafellssýsla
Austur-Skaftafellssýsla
Innsjøtype Vulkansk caldera
Høgd over havet 1725 moh
Koordinatar 64°25′N 17°20′WKoordinatar: 64°25′N 17°20′W
Wikimedia Commons: Grímsvötn
Oskesky frå Grimsvötn i november 2004.

Grímsvötn har eit sprekksystem som går frå sørvest til nordaust og det massive utbrotet frå Laki i 17831784 var ein del av det same sprekksystemet. Grímsvötn hadde faktisk utbrot samstundes med Laki i 1783, men utbrotet her heldt fram til 1785. Fordi det meste av vulkanen ligg under Vatnajökull har dei fleste utbrota vore subglasiale.

JökulhlaupEndra

 
Jökulhlaup: Skeiðarársandur 1996

Utbrotet under breisen fører jamleg til flaumutbrot kjend som jökulhlaup i fagterminologien. Utbrota kan smelte så mykje is at Grímsvötnkalderaen vert fylt med vatn slik at trykket vert stort nok til å løfte isdekket og mykje vatn strøymer ut i løpet av kort tid. På grunn av dette vert Grímsvötnkalderaen nøye overvaka av forskarar. Då det oppstod eit stort utbrot i 1996 visste geologane på førehand at ein stod overfor ein jökulhlaup i nær framtid. Flaumutbrotet oppstod først fleire veker etter utbrotet, men overvakinga gjorde at Hringvegur, den islandske ringvegen, vart stengd i tide. Ein del av vegen over Skeiðarásandur vart skylt bort av flaumen, men ingen vart skadd.

Siste utbrotEndra

28. desember 1998 og ei veke framover oppstod det eit utbrot ved Grímsvötn. I november 2004 oppstod eit anna utbrot som varte ei veke. Vulkansk oske frå utbrotet vart ført med vinden til det europeiske fastlandet og førte til kortvarige problem for flytrafikken til og frå Island. Ein fekk derimot ikkje flaumutbrot i nokre av desse tilfella.

På kvelden 21. mai 2011 starta det eit utbrot i Grímsvötn. Det var ikkje uventa, geologane hadde rekna med eit i 2011.[1]

Bakteriar i innsjøenEndra

Sommaren 2004 fann forskarar bakteriar i Grímsvötn under isbreen. Dette var første gong ein har funne bakteriar i innsjøar under ein isbre.[2] Innsjøane frys ikkje heilt til på grunn av varmen frå vulkanen. Bakteriane klarar òg å overleve på særs små mengder oksygen.

Forskarar ser likskap mellom planeten Mars og Grimsvötn fordi det òg på Mars er spor etter vulkanisme og isbrear. Dette kan hjelpe forskarane i leitinga etter liv på Mars.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Gos að hefjast i Grímsvötnum», www.mbl.is (på islandsk), henta 30. oktober 2019 
  2. Ingrid Splide (15. juli 2004). «I live – under 300 meter is». forskning.no. Henta 14. august 2007. 

BakgrunnsstoffEndra