Skeibladkake/skeibladkaka er ein type småe pannekaker av røre med hjortsalt eller liknande hevemiddel som tradisjonelt har vore vanlege på Nordmøre. Namnet kjem av at røra blir lagt på takka med ei matskei. Skeibladkakene skil seg frå sveler ved at dei er mykje mindre, og dessutan ved at dei oftast blir etne med smør og ost eller syltetøy oppå til nonsmaten eller kaffien, medan svelene oftast blir etne samanbretta med smør og anten sukker eller brunost inni.

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.