Skeise-VM 1970 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1970 for kvinner fann stad i West Allis i delstaten Wisconsin i USA, 28. februar og 1.mars 1970. 22 utøvarar frå 8 land deltok i stemnet, av dei tre frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Atje Keulen-Deelstra frå Nederland vart verdsmeister framom landskvinna Stien Kaiser. Ljudmila J. Titova vann dei to kortaste distansane, på 1000 m delte ho sigeren med norske Sigrid Sundby, medan nederlandske Ans Schut gjekk til topps på dei to lengste distanseøvingane.

Skeise-VM 1970 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Atje Keulen-Deelstra  Nederland 192,303
Sølv Stien Kaiser  Nederland 192,780
Bronse Sigrid Sundby  Noreg 193,473
4 Dianne Holum  USA 193,693
5 Lasma Kauniste  Sovjetunionen 194,613
6 Lisbeth Berg  Noreg 194,726
7 Ans Schut  Nederland 195,104
8 Ellie van den Brom  Nederland 195,427

Dato: 28. februar/1. mars 1970

Kjelder endre