Skeise-VM 1975 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1975 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 8. og 9. februar. 32 utøvarar frå 16 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Harm Kuipers frå Nederland vart verdsmeister, utan å ha vore mellom dei to beste på nokon distanse. Distansesigrane gjekk til nordmenn på dei tre fyrste distansane; Jan Egil Storholt på 500 meter, Sten Stensen på 5000 meter og Amund Sjøbrend på 1500 meter. Ingen av desse kom på den endelege sigerspallen, det gjorde derimot Vladimir S. Ivanov frå Sovjetunionen, som fekk bestetid på milløpet og vart andremann i kampen om laurbærkransen.

Skeise-VM 1975 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Harm Kuipers  Nederland 176,002
Sølv Vladimir S. Ivanov  Sovjetunionen 176,050
Bronse Jurij Kondakov  Sovjetunionen 176,382
4 Sten Stensen  Noreg 176,572
5 Masayuki Kawahara  Japan 176,787
6 Dan Carroll  USA 177,194
7 Amund Sjøbrend  Noreg 177,588
8 Jan Egil Storholt  Noreg 177,614
9 Viktor Varlamov  Sovjetunionen 178,153
10 Aleksandr Vladimirov  Sovjetunionen 178,177
11 Göran Claeson  Sverige 178,312
12 Terje Andersen  Noreg 178,962
13 Piet Kleine  Nederland 178,986

Dato: 8./9. februar 1975

Kjelder endre