Terje Andersen

norsk skeiseløpar og idrettsleiar

Terje Andersen (fødd 4. mars 1952) er ein norsk tidlegare skeiseløpar og idrettsleiar frå Tønsberg i Vestfold. Han vann bronsemedaljen på 1500 meter under Vinter-OL 1980. Andersen var president i Norges Skøyteforbund mellom 1997 og 1999 og perioden 2003-07.

Terje Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1952 (72 år)
Tønsberg
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1976, Skeise-VM 1975 for menn, Skeise-VM 1978 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1979 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1980 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1981 i sprint-firkamp, EM på skøyter 1973, menn, Junior-VM på skøyter 1972, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1980 – 1500 meter herrer

Aktiv

endre

Andersen representerte Noreg i to internasjonale allround-meisterskap. I europameisterskapen 1973 vann han 500-meteren, men klarte ikkje å kvalifisere seg til 10 000 meter. To år seinare deltok han i verdsmeisterskapen i Oslo, der han enda på tolvteplassen.

Sidan konsentrerte han seg om dei kortare distansane. Ved Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart han nummer 16 på 1000 meter og nummer 15 på 1500 m. Åra 1978 til 1981 deltok han i samtlege verdsmeisterskap i sprint-firkamp, kom på sjetteplass i 1978 og fjerdeplass i 1981.

Høgdepunktet for Andersen kom då han sikra seg bronsemedaljen på 1500 m ved Vinter-OL 1980Lake Placid. På 1000-meteren vart han nummer 12.

Han var medlem i Tønsberg Turnforening og til sist Holmestrand og Botne Skøyteklubb.

Kjelder

endre