Harm Kuipers
Harm Kuipers (fødd 22. november 1947) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Donderen. Han vart verdsmeister i firkamp i 1975.
Harm Kuipers | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 22. november 1947 (76 år) Norg |
Yrke | lege, skøyteløpar, universitetslærar |
Harm Kuipers på Commons |
Kuipers ovverraska stort då han vart tredjemann under EM 1973, etter vinnaren Göran Claeson og sin eigen landsmann Hans van Helden. Ved VM 1973 i Deventer enda han på fjerdeplassen. Vinteren etter vart han nederlandsk firkamp-meister, og kjempa drabeleg mot norske Sten Stensen då VM 1974 vart avgjort til nordmannen sin fordel og Kuipers vart nummer to.
Også i EM 1975 kom Kuipers på andreplass etter Stensen. Fjorten dagar tidlegare hadde Kuipers forsvart den nederlandske meistertittelen. Fjorten dagar etter EM vann han så verdsmeisterskapen på Bislett stadion i Oslo, fattige 0,048 tidspoeng framom Vladimir Ivanov frå Sovjetunionen. Han la opp ved sesongslutt.
Jamsides idretten studerte Kuipers medisin ved universitetet i Groningen, og var i lang tid med i den medisinske kommisjonen til Den internasjonale olympiske komiteen (IOK).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Harm Kuipers» frå Wikipedia på nederlandsk, den 18. november 2016.