Skeise-VM 1992 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1992 for kvinner vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga 7. og 8. mars 1992. 32 utøvarar frå 14 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Tittelforsvarar, tyske Gunda Kleemann, vart verdsmeister etter å ha fått bestetid på dei to lengste distansane. På andreplassen kom Emese Hunyady frå Austerrike og som sigra på 1500 m, medan kinesiske Ye Qiaobo gjekk den snøggaste 500-meteren.

Skeise-VM 1992 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Gunda Niemann  Tyskland 171,651
Sølv Emese Hunyady  Austerrike 172,621
Bronse Seiko Hashimoto  Japan 174,489
4 Ljudmila Prokasjeva  Sovjetunionen 174,608
5 Heike Schalling  Tyskland 175,684
6 Claudia Pechstein  Tyskland 175,749
7 Svetlana Bojko  Sovjetunionen 176,060
8 Lia van Schie  Nederland 176,139

Dato: 7./8. mars 1992

Kjelder endre