Skeise-VM 1995 for kvinner
Verdsmeisterskapen på skeiser 1995 for kvinner vart avvikla på Savalen i Tynset kommune i Noreg helga 4. og 5. februar 1995. 26 utøvarar frå 14 land deltok i stemnet, av dei einast Anette Tønsberg frå arrangørlandet. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter. Det er siste gongen verdsmeisterskapane for kvinner og menn har vorte arrangert åtskild.
Tyske Gunda Kleemann gjekk fortast på alle fire distansane og tok sin fjerde VM-tittel, nesten fire tidspoeng framom toaren, Ljudmila Prokasjeva frå Kasakhstan.
Skeise-VM 1995
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Gunda Kleemann | Tyskland | 171,276 | |
Ljudmila Prokasjeva | Kasakhstan | 175,201 | |
Annamarie Thomas | Nederland | 175,548 | |
4 | Emese Hunyady | Austerrike | 175,842 |
5 | Heike Schalling | Tyskland | 177,138 |
6 | Mie Uhara | Japan | 177,309 |
7 | Claudia Pechstein | Tyskland | 178,120 |
8 | Carla Zijlstra | Nederland | 178,682 |
Dato: 4./5. februar 1995
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround vrouwen 1995» frå Wikipedia på nederlandsk, den 10. desember 2020.