Skeise-VM 2003 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2003 i firkamp vart avvikla på Ruddalens idrottsplats i Göteborg i Sverige 8. og 9. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 12 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Gianni Romme vart verdsmeister for andre gong, på dei neste tre plassane kom hans landsmenn. Romme var bestemann på dei to lengste distansane, Ids Postma gjekk fortast av alle på 500 meter og Jevgenij Lalenkov på 1500 meter. I kvinneklassa vart Cindy Klassen frå Canada verdsmeister for fyrste gong. Distansesigrarar var Jennifer Rodriguez på 500 m, Claudia Pechstein på 3000 m, Maki Tabata på 1500 m og Clara Hughes på 5000 meter.

Eskil Ervik var den einaste av dei norske deltakarane som hevda seg i tevlingane. Han vart sjettemann samanlagt, Lasse Sætre og Annette Bjelkevik enda høvesvis som nummer 21 og 22.

Skeise-VM 2003 endre

Menn endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Gianni Romme   Nederland 158,105
  Rintje Ritsma   Nederland 158,889
  Ids Postma   Nederland 159,013
4 Mark Tuitert   Nederland 159,380
5 Jevgenij Lalenkov   Russland 159,851
6 Eskil Ervik   Noreg 160,687
7 Dmitrij Sjepel   Russland 161,076
8 K.C. Boutiette   USA 161,085
9 Johan Röjler   Sverige 161,150
10 Jan Friesinger   Tyskland 161,906

Dato: 8.–9. februar

Kvinner endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Cindy Klassen   Canada 170,545
  Claudia Pechstein   Tyskland 171,144
  Daniela Anschütz   Tyskland 173,633
4 Kristina Groves   Canada 173,726
5 Jennifer Rodriguez   USA 173,817
6 Clara Hughes   Canada 173,897
7 Maki Tabata   Japan 174,050
8 Catherine Raney   USA 174,381
9 Renate Groenewold   Nederland 174,388

Dato: 8.–9. februar

Kjelder endre