Dmitrij Sjepel

russisk skeiseløpar

Dmitrij Sergejevitsj Sjepel (fødd 8. august 1978) er ein russisk tidlegare skeiseløpar, fødd i Leningrad, som vart europameister 2001 i Baselga di Pinè i Italia.

Dmitrij Sjepel
Statsborgarskap Russland
Fødd 8. august 1978 (45 år)
St. Petersburg
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Karriere

endre

Sjepel tok steget opp i verdseliten i lengdeløp på skeiser då han vart tredjemann under Skeise-EM 1999 i Heerenveen, hårfint bak italienske Roberto Sighel på andreplass, men langt bak den suverene vinnaren, Rintje Ritsma frå Nederland. To år seinare vann han europameisterskapen 2001 i Baselga di Pinè, etter ein tett strid mot Bart Veldkamp, som representerte Belgia, og Ids Postma frå Nederland.

I OL-sesongen 2002 vart Sjepel nummer tre i europameisterskapen i Erfurt, bak nederlendarane Jochem Uytdehaage og Carl Verheijen. Under vinterleikane i Salt Lake City kom han inn til fjerdeplass på 5000 m, 0,12 sekund bak bronsevinnaren, og enda på sjetteplass på milløpet. Sist i OL-sesongen sikra han seg andreplassen i firkamp-VM i Heerenveen, nett som i EM vann Uytdehaage laurbærkransen. Vinteren 2003 enda Sjepel som nummer fire ved EM i Heerenveen og på sjuandeplass ved VM i Göteborg.

Sjepel la opp i 2006.

Kjelder

endre