Skeise-VM 2004 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2004 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar dagane 7. til 8. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 11 ulike land deltok i meisterskapen.

Chad Hedrick frå USA vart verdsmeister for fyrste gong. Landsmannen Shani Davis sigra på 1500 meter og vart andremann samanlagt. Tredjemann i meisterskapen, Carl Verheijen frå Nederland, vann dei dei to lengste distansane, og Jevgenij Lalenkov frå Russland gjekk fortast av alle på 500 meter. Også Renate Groenewold frå Nederland vart verdsmeister for fyrste gong, ho var også best på 3000 meter. Jennifer Rodriguez frå USA vann både 500 m og 1500 meter, med nederlandske Gretha Smit fekk bestetid på kvinnene sin 5 000 meter

Dei norske deltakarane koma på tolvteplass, Eskil Ervik, og 21. plass, Hedvig Bjelkevik. Lasse Sætre gav seg etter fyrste dag.

Skeise-VM 2004 endre

Menn endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Chad Hedrick   USA 150,478
  Shani Davis   USA 150,726
  Carl Verheijen   Nederland 151,110
4 Enrico Fabris   Italia 151,529
5 Mark Tuitert   Nederland 151,536
6 Tom Prinsen   Nederland 152,646
7 K.C. Boutiette   USA 153,045
8 Jevgenij Lalenkov   Russland 153,729
9 Ivan Skobrev   Russland 153,864
10 Johan Röjler   Sverige 154,279
11 Derek Parra   USA 154,428
12 Eskil Ervik   Noreg 155,704

Dato: 7.–8. februar

Kvinner endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Renate Groenewold   Nederland 162,573
  Claudia Pechstein   Tyskland 163,291
  Wieteke Cramer   Nederland 163,916
4 Jennifer Rodriguez   USA 164,555
5 Eriko Ishino   Japan 165,036
6 Barbara de Loor   Nederland 165,694
7 Gretha Smit   Nederland 166,017
8 Daniela Anschütz   Tyskland 166,221
9 Maki Tabata   Japan 166,241
10 Clara Hughes   Canada 166,453

Dato: 7.–8. februar

Kjelder endre