Skeise-VM 2008 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2008 i firkamp vart avvikla i Berlin i Tyskland helga 9. og 10. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Sven Kramer forsvarte VM-tittelen, medan lanskvinna Paulien van Deutekom overraska stort ved å vinne kvinne-klassa. Kramer var bestemann også på dei to lengste distansane, kanadiske Denny Morrison gjekk fortast av alle på 500 meter, det same gjorde Shani Davis på 1500 meter. I kvinne-klassa sigra Deutekom på 3000 m, Christine Nesbitt frå Canada på 500 meter, nederlanske Ireen Wüst på 1500 meter og tsjekkiske Martina Sáblíková på 5000 meter.

Dei norske deltakarane vart nummer 2 Håvard Bøkko, 11 Sverre Haugli, 15 Henrik Christiansen og 18 Mari Hemmer.

Skeise-VM 2008

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Sven Kramer   Nederland 148,494
  Håvard Bøkko   Noreg 149,823
  Shani Davis   USA 149,908
4 Chad Hedrick   USA 150,680
5 Wouter Olde Heuvel   Nederland 151,308
6 Denny Morrison   Canada 153,077
7 Enrico Fabris   Italia 153,382
8 Ivan Skobrev   Russland 153,564
9 Carl Verheijen   Nederland 153,612
10 Ben Jongejan   Nederland 153,976
11 Sverre Haugli   Noreg 154,561

Dato: 9.–10. februar

Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Paulien van Deutekom   Nederland 162,191
  Ireen Wüst   Nederland 162,533
  Kristina Groves   Canada 162,878
4 Christine Nesbitt   Canada 163,368
5 Martina Sáblíková   Tsjekkia 163,667
6 Daniela Anschütz   Tyskland 164,886
7 Claudia Pechstein   Tyskland 165,093
8 Diane Valkenburg   Nederland 165,626
9 Wang Fei   Kina 166,014

Dato: 9.–10. februar

Kjelder

endre