Sketj er eit kort drama eller teaterstykke med komisk sluttpoeng som gjerne er del av revyar eller radio- og TV-program.[1] Ein kan også framføra sketsjar på festar og liknande. Ordet kjem via engelsk og er opphavleg frå italiensk skizzare ('teikna'). Det er etymologisk identisk med ordet skisse.[1]

Sketsjar er korte stykke og kan framførast etter kvarandre, utan ein raud tråd mellom dei. Ofte har dei meir eksentriske figurar enn lengre produksjonar. Sjangeren kan vera eit godt format å arbeida med samanlikna med ein meir omfattande komedie der handlinga må vara lengre og ha ein meir grunnleggjande struktur. I ein sketsj kan ein i staden ha grunnare, mindre omfattande manuse. Sketsjar kan vera ein god måte for professjonelle til å prøva ut idéar på. Menge rollefigurar har byrja i sketsjar i ulike produksjonar.

Lengre sketsjproduksjonar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «sketch - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 13. juni 2022.