Uti vår hage er ein norsk fjernsynsserie med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen. Serien har to sesongar; den fyrste på seks episodar og som var synt fyrste gongen på NRK i 2003. Den andre sesongen vart send fyrste gongen i 2008 og har åtte episodar.[1]

Den enkelte episoden inneheldt humoristiske kortfilmar og innslag som var fletta inn i kvarandre. Dette var det fyrste konseptet der Eia og Johansen jobba med Atle Antonsen (og med Kristopher Schau, som hadde ei lita rolle i ein av episodane). Eia har sagt om den fyrste sesongen at kvar episode i det store og heile handla om «ein helt som møter motstand, overvinn motstanden, og vert forandra av han».

Fleire kjende ansikt, som Schau, Yngve Hågensen og Pål Bang-Hansen, hadde til tider sjølvparodierande gjesteroller i programmet.

Fyrstesesongen vart produsert av Dropout Productions for NRK.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra