Skien kyrkje er ei krosskyrkje frå 1894 i Skien kommune i Telemark.

Skien kyrkje
kyrkje
Foto: Rune Mathisen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Skien
Sokn Skien
Fellesråd Skien
Type krosskyrkje
Arkitekt Hagbarth Schytte-Berg
Teknikk mur
Material teglstein
Innvigd 31. august 1894
 - Endringar Restaurert 1920–22, 1961–66, 1969–70, 1985–87, frå 2004
Tårn tvillingtårn i søraust, 68 meter høge
Klokker 4, støypt i Tyskland
Kyrkjegard Lie kyrkjegard nordvest for kyrkja
Orgel J.H. Jørgensen, 1954
Sitjeplassar 1047[1]
Diverse Glasmåleri utført av Hemmersdorf & Co
Kart
Skien kyrkje
59°12′38″N 9°36′22″E / 59.21049001°N 9.60605264°E / 59.21049001; 9.60605264
Wikimedia Commons: Skien kirke

Skien har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og den førre kyrkja, som var frå 1783, brann i den store bybrannen i 1886. Dagens kyrkje vart teikna av Hagbarth Schytte-Berg, som vann ein arkitektkonkurranse.

Baksida av Skien kyrkje (frå nord mot sør).
Foto: Rune Mathisen

Skien kyrkje er ei monumental kyrkje som ein lett kan ta for å vere domkyrkje, men ho er «berre» prostikyrkje. Forma er som ein latinsk kross, og kyrkja kan seiest å vere eit utstillingsvindauge for norsk fasade- og dekorstein. Dette er ikkje uproblematisk. Det har vore naudsynt å restaurere fasaden ei rekkje gonger, og det har òg vore problem med fundamenteringa.

Næraste kyrkjegard er Lie kyrkjegard, om lagt hundre meter nordvest for kyrkja.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre