Skinneffekt eller hudeffekt er den effekten at høgfrekvent vekselstraum som blir sendt gjennom ein leiar, vesentleg går gjennom overflata til leiaren. Effekten skuldast sjølvinduksjon som hindrar straumen i å gå inne i leiaren. På grunn av skinneffekten aukar resistansen i ein leiar med frekvensen. Dette må ein ta omsyn til ved dimensjonering av leiaren. Ein må òg kontrollere at overflata er godt leiande, medan det ikkje spelar noka rolle for dei leiande eigenskapane til flata for høgfrekvent straum om han blir laga kompakt eller hol. Tjukkleiken av det straumførande laget, skinntjukkleiken, minkar omvendt proporsjonalt med kvadratrota av frekvensen. Ved ein frekvens på 10 kHz er skinntjukkleiken for aluminium og koparar ca. 1 mm, for jarn ca. 0,1 mm.

Effekten er utan tyding for vekselstraum i vanlege husinstallasjonar (50 Hz), men kan spele ei rolle ved denne låge frekvensen ved overføring av store effektar over lange avstandar. Ved radiofrekvensar og frekvensar som blir brukt i fjernsyn og i radar, spelar skinneffekten ei stor rolle.

Kjelder endre