Skjeggiris (Iris variegata) er ei plante i sverdliljeslekta i sverdliljefamilien.[1] Arten kjem frå Mellom- og Aust-Europa.[2]

Skjeggiris
Skjeggiris
Skjeggiris
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Sverdliljefamilien Iridaceae
Underfamilie: Iridoideae
Stamme: Irideae
Slekt: Sverdliljeslekta Iris
Art: Skjeggiris I. variegata
Vitskapleg namn
Iris variegata

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og funnen forvilla i Asker i Akershus i 1998, der han er bufast og med aukande bestand.[2] I Framandartslista 2023 er han registrert med låg risiko (LO),[3] oppgradert frå ingen kjend risiko (NK) i 2018.[4]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Skjeggiris». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1164. 
  3. «Fremmedartslista 2023: skjeggiris Iris variegata L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 11. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Iris variegata japaniris». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 10. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre