Skjern Å, som tidlegare òg har vore kalla Lønborg Å, er ei om lag ni mil lang elv i det vestlege Jylland i Danmark. Elva har den største vassføringa av dei danske elvane, og er den fjerde lengste i landet. Ho får vatn frå fleire sideelvar, og har eit samla nedslagsfelt på 2.338 km².

Skjern Å på siste del strekninga fram til utløpet i fjorden

Elva gjeng så å seie rett vestover frå eit tjern 68 meter over havet i naturvernområdet Tinnet Krat på ein høgderygg om lag 24 kilometer nordnordvest for Vejle og 6 kilometer frå Nørre Snede, berre eit par hundre meter frå staden der elva Gudenå har utspring i kjeldene sine. Derfrå renn elva ei strekning mot nordnordvest, gjennom Rørbæk Sø, 56 meter over havet, og Kold Sø, 54 meter over havet, og deretter i svakt fall i si vestlege hovudretning til utløpet i den søraustlege delen av Ringkøbing Fjord, om lag 63 kilometer i luftline frå utspringet i Tinnet Krat. På vegen passerer elva byane Arnborg, Skarrild, Sønder Felding, Borris og Skjern, som ho har fått namnet sitt etter.

Skjern Å har vore restaurert ved mellom anna at lengda er auka frå 19 til 26 kilometer på strekninga frå staden Borris til utløpet i fjorden, der elva på slutten av 1960-talet hadde vorte retta ut til ein kanal. Dessutan er det bygd 40 kilometer nye vassløp i området, fjerna le-hegn, småskog, to pumpeanlegg og slike lukkingar av elva som hadde vore gjort for å vinne inn jordbruksland. Elva er gyteelv for laks, og det er gjort gode fangstar av laks på over tjue kilo.

Bakgrunnsstoff endre