Tinnet Krat er eit 596 hektar stort, verna naturområde i Vejle kommune om lag 10 kilometer nordvest for den vesle byen Tørring på Aust-Jylland i Danmark. Elvene Gudenå og Skjern Å («Skjern-elva») har sine utspring i Tinnet Krat, 65 og 70 meter over havet.

Tinnet Krat. Elva Gudenå har utspring i Tinnet Krat, og kan på fotografiet skimtast som ein bekk i myra.
Tjernet der elva Skjern Å spring ut i Tinnet Krat

Området vert nytta som såkalla naturskog (naturskov), det vil seie at det berre skal stå tre i skogen som genetisk har sitt opphav i tre som naturlig har kome til staden, ikkje tre frå andre stader som kjem inn som nye konkurrentar til det som har vekse der frå gamalt av. Det vert nytta gamle driftsmetodar for å få området til å verte ei blanding av eikekratt/eikeskog, blanda lauvskog, enger, beite og lyngheier, slik det var i gamal tid. Skogsområdet Koutrup Skov i den midterste delen av området er peika ut som urørt skog (urørt skov).

I Tinnet Krat ligg ein av dei største konsentrasjonane av kjelder i Danmark, der grunnvatnet som kjem opp i mange av dei, held den same temperaturen på 11-12°C heile året. Dette har ført til at mange av dei tidlegare dyre- og planteartane som elles er døydd ut i Danmark, er å finne her.

Elva Gudenåen, med utløp i havet på austsida av Jylland, har sitt utspring attmed foten av ein mindre, nordaustvend bakke, og renn derfrå i søraustleg lei med god fart. Nokre få hundre meter unna ligg vasskiljet, og ikkje langt derfrå har Danmarks mest vassrike elv, Skjern Å, utspring frå eit tjern. Denne elva har utløp i Ringkøbing Fjord på vestsida av Jylland.