Skjerstad kyrkje er ei langkyrkje frå 1959 i Skjerstad sokn i Bodø domprosti.

Skjerstad kyrkje
kyrkje
Foto: Lars Røed Hansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Bodø Domprosti
Sokn Skjerstad
Fellesråd Bodø
Stad Skjerstad, Bodø 
Type Langkyrkje
Arkitekt Arnstein Arneberg
Material Mur og betong
Innvigd 1959
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 450
Kart
Skjerstad kyrkje
67°14′03″N 15°01′16″E / 67.2343°N 15.0211°E / 67.2343; 15.0211
Wikimedia Commons: Skjerstad kirke

Byggverket er i betong og mur og skal ha 450 plassar. Arkitekt for kyrkja var Arnstein Arneberg.[1]

Galleri endre

Tidligare kyrkjer endre

 
Kyrkja frå 1877 brann i 1955.
Foto: Wilhelm Skappel (1950)

Skjerstad har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og dagens kyrkje har ei rekkje forgjengarar. Kyrkjestaden er på Skjerstad (gnr. 35), og dei to eldste kjende kyrkjene stod om lag der våningshuset står i dag. Soknet («Skirasta sokn j Salte») er nemnt i 1390[2] og kyrkja («Skierstad kircke») i 1589.[3] Ei tømra krosskyrkje skal i 1633 ha vorte «bygd opp utenpå den gamle».[4] Denne vart riven i 1759.

Dagens kyrkjestad er 3–400 meter lengre vest. Der vart ei ny kyrkje innvigd i 1759. Dette var òg ei tømra krosskyrkje med kor i aust og sakristi inntil dette, med våpenhus i vest og med sentraltårn. Ny kyrkje vart ifølgje Riksantikvaren[4] oppført på same tomta i 1848, og det seiast[5] at ho var basert på ei typeteikning av Linstow. I bygdeboka for Skjerstad og Fauske[6] vert det derimot sagt at det dreier seg om ei ombygging av den eksisterande kyrkja. Denne kyrkja brann ned på morgonen den 18. februar 1873.[7] Ny kyrkje vart teikna av Håkon Mosling[8] og vigsla den 31. oktober 1877.[9] Dette var ei stor langkyrkje som brann ned 17. mai 1955.

Inventar frå tidlegare kyrkjer er dels overført vidare til nyare kyrkjer, dels avhenda til museum eller andre stader. Til dømes er ein gamal preikestol[10] og ein mariafigur[11] i Tromsø museum. Det som var i kyrkja ved brannen i 1873, gjekk tapt.[7] To klokker støypte av Bochumer Verein i 1877 er redda frå kyrkja som brann i 1955, og er i bruk i dagens kyrkje.[12]

Kjelder endre

  1. Kulturminnesøk krediterer også Olav Stoud Platou, som arbeidde ved Arnebergs arkitektkontor, men det går ikkje fram av andre kjelder som t.d. boka Arneberg & Poulsson hvorvidt Platou var medarkitekt for denne kyrkja.
  2. Carl R. Unger og H.J. Huitfeldt, red. (1863). Diplomatarium Norvegicum: Oldbreve til Kundskab om Norges indre og ydre Forhold, Sprog, Slægter, Sæder, Lovgivning og Rettergang i Middelalderen. 1: Første halvdel. Christiania: Christiania:P. T. Mallings Forlagshandel. s. 371. 
  3. Anne-Marit Hamre, red. (1983). Trondhjems reformats 1589; Oslo domkapittels jordebok 1595. Oslo: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. s. 82. ISBN 82-7061-293-6. 
  4. 4,0 4,1 Sitert av Brendalsmo & Erikson.
  5. Kulturminnesøk
  6. Berg (1975), s. 334–337.
  7. 7,0 7,1 Op. cit., s. 338.
  8. Berg (1975), s. 343.
  9. Johansen (1931), s. 17.
  10. Avbilda i Unimus Arkivert 2019-01-17 ved Wayback Machine.
  11. Avbilda i Unimus Arkivert 2019-01-17 ved Wayback Machine.
  12. Jf. Rasmussen (1993), s. 174.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre