Arnstein Arneberg
Arnstein Rynning Arneberg (6. juli 1882–9. juni 1961) var ein norsk arkitekt frå Halden. Han var mellom anna éin av to arkitektar bak Oslo rådhus.
Arnstein Arneberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. juli 1882 Halden kommune |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Medlem av | Det kongelege svenske kunstakademiet |
Arnstein Arneberg på Commons |
Utdanning
endreArneberg var assistent hjå arkitekt Alfred Christian Dahl i Oslo i åra 1898-1900. I åra 1899-1902 var han elev ved Den kongelige tegneskole i Oslo under Herman Schirmer. Han var assistent hjå Ole Sverre i Oslo frå 1900 til 1903, deretter hjå Gustaf Lindgren i Stockholm til 1906. Han studerte under professorar som Isak Gustaf Clason og Erik Lallerstedt på den Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm frå 1904 til 1906.
Virke
endreArnstein Arneberg fekk mange byggeoppdrag. Av dei tidlege er Eidsvoll folkehøgskule (1908) og Den norske sjømannskyrkje i Rotterdam (1914). Saman med Magnus Poulsson vann han arkitektkonkurransen om Oslo rådhus (1916-1918). Han vann òg arkitektkonkurransen om Vikingskipshuset på Bygdøy, der det fyrste byggjesteget vart fullført i 1926.
Arneberg sitt arbeid femner om mange villaer og mange kyrkjer, som Kristiansand domkyrkje (1952), interiøret i Uranienborg kyrkje (1930), restaureringa av Oslo domkyrkje (1948-1950), Hamar domkyrkje (1952), Vang, Hedmark (1954), Fredrikstad domkyrkje (1954) og restaureringa av Ullensvang kyrkje på Lofthus i Hardanger i (1958).
Utmerkingar
endreArneberg var ein av dei fyrste mottakarane av St. Hallvardsmedaljen i 1956. Han mottok kunstnarløn frå 1954. Han var kommandør med stjerne av St. Olavs Orden, og var tildelt Kong Haakon VIIs Jubileumsmedalje, Haakon VIIs Erindringsmedalje. Han var innvald medlem av Kgl. Akademien för de fria Konstnerna. Arneberg vart òg kommandør av den svenske Nordstjerneordenen.
Arkitekturprisen til Østfold Arkitektforening, Arnstein Arneberg pris, er kalla opp etter han. Prisen vart delt ut fyrste gong i 2008.