Skjold-klasse
Skjold-klassen er den siste generasjonen av norske MTB-ar (missiltorpetobåtar). Desse fartøya er under konstruksjon ved Umoe Mandal. Fartøya er luftputekatamaranar, og vil ha ein låg radarprofil. Prototypen til denne klassen er KNM «Skjold» som vart sjøsett i 1999. KNM «Skjold» er under utprøving og utvikling. Den vart òg testa ut av den amerikanske marinen i eitt år. KNM Skjold og Skjold-klassen er rekna for å vere verdas raskaste krigsskip.
Fakta:
Vassfortrenging (deplasement): 273 tonn
Lengd: 47,5 meter
Breidd: 13,5 meter
Maksfart: 60 knop
Besetning: 16
Våpen: 8 NSM-missil, OTO Melara 76mm SR-kanon, Mistral luftvermissil, 12,7mm mitraljøse.
Sensorar: Thales MRR-3D-NG varslingsradar, SAABTech Ceros 200 opplysarradar, EDO CS-3701 ESM (radar søkemottakar), Sagem Vigy 20 EO-sensor.
Kommando- og kontrollsystem: DCN/KDA Senit 2000, NORCCIS II
Datalinkar: Link 11 og link 16.
Tidspunkt for kommandoheis:
P960 KNM Skjold: september 2009
KNM Skjold vil etter ei skipsteknisk ombygging bli overlevert Marinen våren 2006 og vil segle i to år før ho går tilbake til Umoe Mandal for integrasjon av våpensystemet. KNM Skjold vil i dei to åra ho seglast av Marinen bli nytta til ytterlegare utprøving og testing, samt opplæring av personell for manning av seriefartøya.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Heimesida til Skjold-klassen Arkivert 2005-03-08 ved Wayback Machine.
- Uoffisiell heimeside Arkivert 2021-06-17 ved Wayback Machine.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Nemnde manglar: faktaboksen |