Skjoldblomslekta

planteslekt

Skjoldblomslekta er ei slekt med 4 artar[1] av fleirårige, urteaktige plantar i kjempefamilien som veks naturleg i austre del av Nord-Amerika.[1][2] Dei har opprett vekst og motsette, heile blad. Alle artane har lik form på blomen, som kan variere i farge frå kvit til raud, purpur eller lilla.[1] C. cuthbertii, C. glabra og C. lyonii er diploide og C. obliqua er anten tetraploid eller heksaploid.[1] Blomane er samla i endestilte blomsterstandar. Dei einskilde blomane er 5-tallige og sterkt uregelmessige med samanvaksne, oppblåste kroner. Fruktene er todelte kapslar med mange frø.

Skjoldblomslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Skjoldblomslekta Chelone
L., 1753
Chelone lyonii
Chelone obiqua

Slektskap til andre plantar

endre

Dei næraste slektene til skjoldblomslekta er Chionophila og Nothochelone frå det vestlege Nord-Amerika.[1] Ho er òg nærare i slekt med Collinsia enn med andre slekter i kjempefamilien som Antirrhinum, Plantago og Digitalis.[3]

Artar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Allan D. Nelson; Wayne J. Elisens (1999). «Polyploid evolution and biogeography in Chelone (Scrophulariaceae): morphological and isozyme evidence». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 86 (10): 1487–1501. JSTOR 2656929. PMID 10523288. doi:10.2307/2656929. 
  2. «Chelone L.». 
  3. Olmstead, R. G., dePamphilis, C. W., Wolfe, A. D., Young, N. D., Elisons, W. J. & Reeves P. A. (2001). «Disintegration of the Scrophulariaceae». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 88 (2): 348–361. JSTOR 2657024. PMID 11222255. doi:10.2307/2657024. Arkivert frå originalen 26. juni 2010. Henta 15. august 2012. 
  4. «Chelone glabra». PLANTS. 
  5. 5,0 5,1 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 27. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Chelone