Skodespelaren Mehmood
Mehmood Ali (29. september 1932–23. juli 2004), kjend som Mehmood, var ein indisk skodespelar, songar, regissør og produsent, best kjend for å spela komiske roller i hindifilmar.[1][2][3]
Mehmood | |||
| |||
Fødd | 29. september 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mumbai | ||
Død | 23. juli 2004 (71 år) | ||
Dødsstad | Pennsylvania | ||
Verka som | filmregissør, filmprodusent, manusforfattar, songar, filmskodespelar | ||
Far | Mumtaz Ali | ||
Prisar | Filmfare Awards |
I løpet av karrieren sin, som varte over fire tiår, tok han del i over 300 hindifilmar. Han er kjent som ein indisk nasjonalkomikar.[2][4] Mehmood fekk 25 nominasjonar for filmfareprisen, 19 av dei for «Best Performance in a Comic Role». Medan prisane byrja i 1954, blei den beste komikar-kategorien berre byrja i 1967. Før dette fekk Mehmood òg seks nominasjonar for «Beste birolle».
Bakgrunn
endreMehmood Ali vart fødd i 1932 som den andre av åtte born, og den eldste sonen til Latifunnisa og film- og sceneskodepelaren/dansaren Mumtaz Ali, som var ei stor stjerne i Bollywood på 1940- og 1950-talet. Mehmood hadde ei eldre syster og seks yngre sysken. Systera hans Minoo Mumtaz var òg ein vellykka dansar og karakterskodespelar i Bollywood-filmar. Den yngste broren hans, Anwar Ali, blei òg skodespelar og produsent av filmar som Khud-daar og Kaash.[3][4]
Karriere
endreTidleg karriere
endreSom barn verka han i Bombay i filmar som Kismet. Han hadde seinare ei rekkje strøjobbar, som sal av fjørfeprodukt og arbeid som sjåfør for regissøren P.L. Santoshi. Sonen til Santoshi, Rajkumar Santoshi, gav han seinare ei rolle i filmen Andaz Apna Apna (1994). Mange av filmsongane til Mehmood blei sungne av Manna Dey.[3]
Mehmood skal ha lært den legendariske skodspelaren Meena Kumari å spela bordtennis. Han gifta seg med den yngre systera hennar Madhu på byrjinga av 1950-talet. Dei fekk ein son, Masood, og han bestemte seg for å bli skodespelar for å få eit betre levebrød. Han fekk eit lite gjennombrot med ei rolle som drapsmann i filmen C.I.D. (1956). Han hadde fleire mindre roller i filmar som Do Bigha Zameen og Pyaasa. Seinare fekk han hovudroller, men han blei mest verdsett for komedien sin, ein del av spelt med urdu-aksent frå Hyderabad-regionen. Mehmood gjorde stor suksess med komedien sin blant publiku, og var særleg dyktig til å spela vennen til filmhelten, som hjalp han ut av vanskelege situasjoner med kløkta si.[3]
I tillegg til å spela mot Shubha Khote samarbeidde han òg med Aruna Irani og komikaren I.S. Johar.[3]
På 1980-talet byrja populariteten til Mehmood å dala etterkvart som andre komedieskodespelarar som Jagdeep, Asrani, Paintal, Deven Verma og Kader Khan fekk framgang. Mellom 1990 og 1999 spelte han i ein handfull filmar, men dei fleste av dei blei anten skrinlagde eller fekk ikkje større innverknad. Han spelte rolla som Johnny i Rajkumar Santoshi sin film Andaz Apna Apna (1994), den siste kjente filmen hans som skodespelar.
Mehmood døydde medan han sov 23. juli 2004 i den amerikanske delstaten Pennsylvania, der han hadde drege for å få behandling for hjartesjukdom etter fleire år med dårleg helse. Fansen hans kunne hylla han ved Mehboob Studio i Bandra i Mumbai.[2][3][4]
Ein av sønene hans, Lucky Ali (Maqsood Ali), er ein songar og komponist som òg har spelt i filmar.
Mehmood var den som introduserte Amitabh Bachchan til det kommersielle filmrommet. Mehmood såg potensialet i Amitabh, og fekk han med i filmar som Bombay to Goa (1972), som blei ein suksess. Han gav òg musikregissøren R.D. Burman ein sjanse, som hadde sin fyrste uavhengige film som musikkregissør i Chhote Nawab (1961), og Rajesh Roshan med sin eigen produksjon Kunwara Baap (1974) [3]
Filmografi
endreÅr | Film | Rolle | Merknad | |
---|---|---|---|---|
1943 | Kismet | Young Shekhar | Barneversjonen av Ashok Kumar | |
1945 | Sanyasi | Banke | ||
1951 | Nadaan | Bus Conductor[1] | ||
1952 | Maa | |||
1953 | Do Bigha Zamin | Peanuts Seller | ||
1954 | Nastik | Vinod's Henchman | ||
1954 | Naukri | PickPocket, Rowdy @1hr.38 min of flim | ||
1956 | C.I.D. | Sher Singh | ||
1956 | Mem Sahib | Hardeep Kumar | ||
1956 | Funtoosh | |||
1957 | Baarish | Ramu's Neighbour | ||
1957 | Pyaasa | Vijay's Brother | ||
1957 | Ek saal | Doctor | ||
1958 | Parvarish | Ramesh Singh | ||
1958 | Howrah Bridge | |||
1959 | Qaidi No. 911 | Anand | ||
1959 | Kaagaz Ke Phool | Special Appearance | I songen «San San San Woh Chali Hawaa» | |
1959 | Chhoti Bahen | Mahesh | Filmfare Award for Best Supporting Actor [Nominert] | |
1960 | Mian Biwi Razi | |||
1960 | Manzil | Shankar Paanwala | ||
1960 | Shriman Satyawadi | Kishore | ||
1961 | Chhote Nawab | Leading Role | Mehmood provided famous music director R. D. Burman his first break in this film | |
1961 | Pyaase Panchhi | Mahesh | ||
1961 | Sasural | Mahesh | Filmfare Award for Best Supporting Actor [Nominert] | |
1962 | Rakhi[5] | Kasturi | Filmfare Award for Best Supporting Actor [Nominert] | |
1962 | Dil Tera Deewana | Anokhe | Filmfare Award for Best Supporting Actor | |
1963 | Hamrahi | Mahesh | ||
1963 | Ghar Basake Dekho | Sunder | Nominert for the Filmfare Award for Best Supporting Actor. | |
1963 | Godaan | Gobar | ||
1963 | Kahin Pyaar Na Ho Jaaye | |||
1963 | Bharosa[5] | Platform M. P. P. S. | ||
1963 | Grahasti | Jaggu | ||
1964 | Mama Ji | Madari | Punjabifilm | |
1964 | Zindagi | Jaggu | ||
1964 | Ziddi | Mahesh | ||
1964 | Beti Bete | Mahesh 'Munna' | ||
1964 | Shabnam | Khan Mustafa / Zingarro | ||
1964 | Chitralekha | Brahmachari Shwetant | ||
1964 | Sanjh Aur Savera | Prakash | ||
1965 | Johar-Mehmood in Goa | Rahim Mohammed Salauddin | ||
1965 | Do Dil | Bahadur Singh | ||
1965 | Namasteji | |||
1965 | Gumnaam | Butler | Filmfare Award for Best Supporting Actor [Nominert] | |
1965 | Bhoot Bungla | Mohan Kumar | Regissert og produsert av Mehmood | |
1965 | Neela Aakash | Madanlal | ||
1965 | Bahu Beti | Mahesh | ||
1965 | Kaajal | Bhola | ||
1966 | Pyar Kiye Jaa | Atma | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role | |
1966 | Mohabbat Zindagi Hai | Manglu | ||
1966 | Biwi Aur Makan[5] | Sitaram Pandey | ||
1966 | Pati Patni | Pashupati | ||
1966 | Love in Tokyo | Mahesh | ||
1966 | Daadi Maa | Mahesh | ||
1967 | Chandan Ka Palna | Mahesh Chandra Mukhopadhyay | ||
1967 | Mehrban | Madhu | ||
1967 | Gunahon Ka Devta[5] | |||
1967 | Patthar ke Sanam | Hariya Kumar | ||
1968 | Padosan[5] | Master Pillai | Med Sunil Dutt, Saira Banu and Kishore Kumar. Mehmood produserte filmen med N. C. Sippy | |
1968 | Ankhen | Mehmood | ||
1968 | Neel Kamal | Girdhar Gopal Agarwal | ||
1968 | Do Kaliyan | Mahesh | ||
1968 | Izzat | Mahesh | ||
1968 | Sadhu Aur Shaitaan[5] | Bajrang | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1969 | Meri Bhabhi | Shambhu | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1969 | Badi Didi | Madan | ||
1969 | Waris | CID Inspector Rajan / Ram Kumar No. 3 & his mother (Double Role) | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role[3] | |
1970 | Humjoli | Shivram / Balram / Parshuram (Triple Role) | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1970 | Jawab | Bajrangi | ||
1970 | Mastana | Satya | ||
1971 | Main Sunder Hoon[5] | Sunder | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1971 | Lakhon Me Ek[5] | Bhola | ||
1971 | Paras | Munna Sarkar | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role | |
1971 | Johar Mehmood in Hong Kong | Mahesh | ||
1971 | Naya Zamana | Mahesh | ||
1971 | Mere Apne | |||
1972 | Bombay To Goa | Khanna (Bus Conductor) | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1972 | Garam Masala | Rajkumar Suraj Kumar | ||
1973 | Do Phool | Pavitra Kumar Rai "Puttan" / Mani (Double Role) | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1973 | Jugnu | Mahesh | ||
1974 | Pocketmaar[5] | Sunder | ||
1974 | Kunwara Baap[5] | Mahesh | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert]. Mehmood introduseete musikkregissøren Rajesh Roshan i denne filmen. | |
1974 | Ujala Hi Ujala | Saraswati | ||
1974 | Badla | Hippie | ||
1974 | Duniya Ka Mela | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | ||
1975 | Salaakhen[5] | Abdul Rehman | ||
1975 | Vardaan | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role | ||
1975 | Qaid | Bajrangi | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1976 | Ginny Aur Johnny | |||
1976 | Jai Bajrang Bali | Shakun | ||
1976 | Sabse Bada Rupaiya | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role Nominert | ||
1977 | Amaanat | Mahesh | [5] | |
1977 | Aafat | Mahesh | ||
1977 | Thief of Baghdad[5] | |||
1978 | Des Pardes | Anwar | ||
1978 | Ek Baap Chhe Bete | Mahesh | ||
1979 | Janta Hawaldar | |||
Nauker | Dayal | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | ||
1980 | Khanjar | Jagat | ||
1980 | Lootmaar | |||
1980 | Man Pasand[5] | Popat | ||
1982 | Suraag | Far til ei mogleg brur | ||
1982 | Khud-daar | Jagan | Filmfare Award for Best Performance in a Comic Role [Nominert] | |
1986 | Ladies Hostel | Mahesh Bhatta | Kannadafilm med B. Sarojadevi i hovudrolla | |
1987 | Majaal | Shrichand Titarmare | ||
1988 | Faisla | Jaggu | ||
1993 | Shreemaan Aashique | Menaka's Father | Special Appearance in Last Scene of film | |
Khal-Naaikaa | Gangaram | |||
1994 | Juaari | Anita's Father | ||
Chaand Kaa Tukdaa | Babumashay | |||
Andaz Apna Apna | Johnny (Wah-Wah Productions) | |||
1995 | Guddu | |||
1996 | Dushman Duniya Ka[5] | Bakrewale Baba | ||
1998 | Ghar Bazar |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Zaveri, Hanif (2005). Mehmood, a Man of Many Moods (på engelsk). Popular Prakashan. s. 50. ISBN 978-81-7991-213-3. Arkivert frå originalen 24 December 2016. Henta 22 June 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Indian comedy actor Mehmood dies on BBC news website Arkivert 24 December 2020 ved Wayback Machine. Published 23 July 2004, Retrieved 5 November 2019
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Karan Bali. «Profile of Mehmood». Arkivert frå originalen 24 December 2020. Henta 7 November 2019.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Indian film comedian Mehmood dies at 72 Arkivert 7 November 2019 ved Wayback Machine. Dawn (newspaper), Published 24 July 2004, Retrieved 7 November 2019
- ↑ 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 «Mehmood filmography». Complete Index To World Film (CITWF) website. Arkivert frå originalen 7. november 2019. Henta 15. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Mehmood (actor)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2024.