Skog kyrkje i Hälsingland

Skog kyrkje (Skogs kyrka) er ein kyrkjebygning i tettstaden Skog i Söderhamn kommune. Kyrkja blei innvigd i 1805. Ho tilhøyrer Skogs forsamling i Uppsala stift.

Skog kyrkje
kyrkje
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Kommune Söderhamns kommun
Sokn Skogs församling
Stad Skog
Innvigd 1805
Kart
Skog kyrkje i Hälsingland
61°09′55″N 16°49′18″E / 61.16522222°N 16.82175°E / 61.16522222; 16.82175
Wikimedia Commons: Skogs kyrka, Hälsingland

I samband med ein renovasjon i 1951 fekk kyrkja freskomåleri av Erik Abrahamson; dels Jesus på krossen og Moses med lovtavlene i langskipet; dels fire av Jesu likningar i apsisen i koret. Ved ein renovasjon i 1987 blei det lag til eit nytt frittståande altar utført av finsnikkaren Kaj Andersson frå Löten i Skog, teikna av arkitekt Uno Sørfjell.

I 1912 blei den såkalla Skogbonaden funnen i kyrkja. Denne stammar frå 1200-talet og er no ved Statens historiske museum i Stockholm. Sidan 2000 har det vore ein kopi i kyrkja. Av andre eldre eigedommar i kyrkja kan ein nemna eit mellomaldersk røykjelseskar, ei mellomaldersk kyrkjekiste og eit eksemplar av Gustav Vasas bibel, trykt i1541.

Galleri

endre

Kjelder

endre