Skogsvinerot
Skogsvinerot (Stachys sylvatica) er ei urt i svinerotslekta i lepeblomsterfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 70 cm høg, og har granne underjordsrenningar. Ho har mjukhåra stengel og blad som minner om nesle. Blomstrane er brunraude, og har sterk stygg lukt. Skogsvinerot blomstrar kring juli månad i urer og lauvskog med moldjord.
Skogsvinerot | |
Skogsvinerot | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Lamioideae |
Slekt: | Svinerotslekta Stachys |
Art: | Skogsvinerot S. sylvatica |
Vitskapleg namn | |
Stachys sylvatica |
Planta er heimleg og veks over det meste av Noreg nord til Troms. Ho er funnen opp til 1100 m i Hallingdal.[1]
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 971.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Stinksyska» frå Wikipedia på svensk, den 16. september 2010.