Skolekorps er ein type musikkorps der barn og ungdom speler, ofte med tilknyting til ein særskild skole. Korpsa gjev medlemmene opplæring i å spela eit instrument eller i drilling, og opptrer ved visse høve, særleg ved syttande mai-markeringar.

Sveio skulekorps.
Torrance High School Band, eit skolekorps frå California.

Norske skolekorps er ein viktig utdanningsinstitusjon som rekrutterer musikarar til det profesjonelle musikklivet. Korpsa blir i stor grad drivne av foreldre, men med innleide profesjonelle krefter. Skolekorpsmusikantar er normalt i alderen 7-19 år. Eldre musikantar, gjerne frå 15 år og oppover, kan også spela i amatørkorps.

Besetning endre

Skolekorps kan vera janitsjarkorps, som er den vanlegaste typen, eller brassband. Medan brassband berre har messingistrument og slagverk, bruker janitsjarkorps også treblåseinstrument. Ei normal besetning i eit janitsjarskolekorps vil ha:

I tillegg kan ein ha med andre instrument, som obo, fagott, althorn og sopransaksofon

Skolekorps i Noreg endre

Sjå òg musikkorps i Noreg

Noreg har to landsdekkande organisasjonar for musikkorps der skolekorps er med. Dei er Norges Musikkorps Forbund og Korpsnett Norge.