Opna hovudmenyen

Skomvær fyr ligg på øya Skomvær i Røst kommune i Nordland. Det 31,7 meter høge fyrtårnet i støypejarn vart påbyrja i 1886. Fyrlyset vart tent i oktober 1887. I 1978 vart fyret automatisert og Skomvær vart avfolka.

Skomvær fyr
Skomvær fyr.jpg
Skomvær fyr
Foto: Siri Wolland
FylkeNordland
KommuneRøst kommune
FunksjonKystfyr
Oppretta1887
Koordinatar67°24.7′N 11°52.5′EKoordinatar: 67°24.7′N 11°52.5′E
Fyrtårn
Høgd31,7
ByggjematerialeStøypejarn
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1978
Avfolka1978
VernestatusFreda
Skomvær fyr is located in Nordland
Plasseringa til Skomvær fyr

Skomvær fyr ligg i Røstøyan landskapsvernområde. I sommarhalvåret går det båtturar til Skomvær.

Kunstnaren Theodor Kittelsen budde i to år frå 1887 på Skomvær fyr då svogeren var fyrvaktarassistent der.

Skomvær fyr gav i 1890 namn til seglskuta «Skomvær». Seinare fekk redningsskøytene «Skomvær II» og «Skomvær III» namn etter seglskuta.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Ove Arne Olderkjær:Norske fyr. Ei reise langs kysten.Oslo 2004.

BakgrunnsstoffEndra