Skreifjorden

fjord i Hammerfest i Finnmark

70°30′51.710″N 23°8′1.5864″E / 70.51436389°N 23.133774000°E / 70.51436389; 23.133774000

Skreifjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Kart
Skreifjorden
70°30′52″N 23°08′02″E / 70.51436389°N 23.133774°E / 70.51436389; 23.133774

Skreifjorden (samisk Govdavuotna) er ein fjord på vestsida av øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km austover til Skreifjordeidet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Torvneset i nord og Lossenpynten i sør. Litt inn i fjorden går fjordarmen Flaskefjorden sørover. Austover frå Flaskefjorden vert Skreifjorden òg kalla Indre Skreifjorden. Over eidet inst i fjorden er det berre litt over 300 meter over til Jøfjorden på andre sida. Det er spreidde hus langs fjorden, men ingen større stader og heller ingen vegsamband. Det djupaste punktet i fjorden ligg nesten heilt ytst og er på 169 meter.