Skrikebergtunnelen

Skrikebergtunnelen er ein vegtunneleuropaveg 39 i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom Skrikeberget sørvest for Ytre Oppedal i Risnefjorden. Tunnelen er 1508 meter lang. Saman med resten av vegen mellom Instefjord og Oppedal vart Skrikebergtunnelen opna 22. juni 1990.

Skrikebergtunnelen
TransportererE39
KommuneGulen
FylkeSogn og Fjordane
Lengd1508 m.
Opna22. juni 1990
Kart
Skrikebergtunnelen
61°02′20″N 5°29′25″E / 61.03888889°N 5.49027778°E / 61.03888889; 5.49027778

Samtidig med denne vegstrekninga vart det opna eit nytt ferjeleie i Ytre Oppedal. Ferjestrekninga mellom Oppedal-Lavik erstatta ferjestrekninga mellom Brekke og Lavik, som hadde vore i drift sidan 1965. Det fyrste ferjesambandet i området vart opna i 1955, og gjekk mellom Instefjord og Vadheim i Høyanger kommune. Frå 1960 gjekk ferja mellom Instefjord og Lavik.

Vegen mellom Instefjord og Oppedal fekk utmerkinga Vakre vegers pris av Statens Vegvesen i 1992.

Kjelder endre

Der vert desse kjeldene gjevne: