Vadheim er ein industri- og strandstad i Ytre Sogn. Staden ligg ved botnen av den fem kilometer lange Vadheimsfjorden i Høyanger kommune i Vestland. Fylkesveg 55 endar i Vadheim og møter E39.

Vadheim
Vaim
stad
Vadheim sentrum september 2020.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Areal  0,36 km²
Folketal 246  (2023)
Folketettleik 683 / km²
Postnummer 6996
Innbyggjarnamn Vaiming
Kart
Vadheim
61°12′29″N 5°49′48″E / 61.208055555556°N 5.83°E / 61.208055555556; 5.83
Wikimedia Commons: Vadheim

Navnet endre

Navnet kjem frå orda vadestad og heim. Den lokale uttalen av Vadheim er «Vaim».[1]

Historie endre

Bondesamfunn endre

Fram til kring år 1900 har dei fleste innbyggjarane i bygda vore knytte til jordbruket.

Frå gamalt av har Bergen vore ein viktig handelsstad for bøndene i Vadheim. Dei viktigaste salsprodukta var ved, smør og livdyr (ofte hestar) og vart som regel transportert med jekter.[2]

Turisme endre

Vegen frå Vadheim oppover Ytredalen mot Sunnfjord har vore ein viktig ferdselsveg i uminnelege tider. Hovudvegen frå Vadheim nordover mot Sunnfjord var ferdigbygd i 1895. Den sentrale plasseringa til Vadheim førte til at Vadheim erfarte turistferdsel til Sunnfjord og Nordfjord. Særlig på grunn av vegen viare til Førde og Jølster.[3]

I 1882 vart Vadheim Turisthotell bygd og skyssing av turistar blei ei viktig tilleggsinntekt for bøndene i Vadheim.

Industrialisering endre

 
Vadheim Hotell ca 1880-1890

Dei høge fjella rundt Vadheim har gitt mogleheiter for utviklinga av kraftintensiv industri. Allereie i 1895 vart det innstallert ein likestraumsgenerator i Vadheim, truleg den første i fylket.

I 1906 kjøpte engelskmannen Edgar Ashcroft fallrettane til kraftverket og skipa Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 1907. Verksemda produserte ei rekke elektrokjemiske produkt fram til nedlegginga av fabrikken i 2007. Industrisatsinga resulterte i at Vadheim blei eit industrisamfunn.

Andre Verdskrig endre

Under Andre Verdskrig bygde den tyske okkupasjonsmakta fleire mindre forvarsanlegg i Vadheim. Staden var eit samferdselsknutepunkt som det var viktig å ha kontroll på. I Vadheim står fleire skytestillingar og bunkarsar igjen etter krigen.[4][5]

 
Bunkers i Vadheim

Samferdsel endre

Vadheim har frå gamalt av vore eit viktig knutepunkt i Ytre Sogn. Ferdselsvegen mellom Vadheim og Sande er nemnt allerie på 1300-talet. I 1785 vart vegen opp Ytredalen klassifisert som rideveg. Frå rundt 1800 vart det bygd ut køyreveg (kjerreveg) på strekninga. Etter dette vart vegen etter kvart ein del av han «Den trondhjemske postveg».

Då steinbrua kom i Ytredalen på byrjinga av 1800-talet, blei den ein del av ein ny køyreveg. I 1837 var vegen klassifisert som hovudveg, og rundt 1850 var han «en av Amtets mest befarne Veie». I 1910 kom dei fyrste bilane i drift frå Vadheim og nordover til Førde og Sandane. Gjennomfarta av folk auka betraktelig etter at båten «Alden» vart sett inn i rute i Sogn i 1888.[6]

 
Gamle Ytredal Bru sett frå E39

Politikk endre

Historisk sett har Arbeiderpartiet og Senterpartiet hatt stor oppslutning i Vadheim.[7] Valoppslutninga for Stortingsvalet i 2021 og Kommunevalet i 2019 låg høvesvis på 79,7 % og 64 %.[8]

Partioppslutning Kommuneval 2019
Parti Oppslutning
Senterpartiet 37,4 %
Arbeidarpartiet 35 %
Raudt 13,5 %
Høgre 8,6 %
SV 5,5 %
Partioppslutning ved stortingsvalet 2021
Parti Oppslutning
Arbeidarpartiet 38,6 %
Senterpartiet 24,1 %
Høgre 11 %
Raudt 9,7 %
Framstegspartiet 8,3 %
SV 6,2 %
MDG 0,7 %
INP 0,7 %
PP 0,7 %

Kjente personar frå Vadheim endre

Kjelder endre

  1. Elof Hellquist (1922). «fjord». Svensk etymologisk ordbok. s. 139.
  2. Grønlien, Brynjulv | Hjetland, Olai | A.S. Vadheim privatbank med avdeling Høyanger privatbank 50 år : 1910-1960
  3. Ese, Krstin. 2007. På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Leirnes, Leif., red. 1978. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik – Band III Bygdesoga. Høyanger
  4. Ljotebø, Gaute. «Bunkers, Vadheim». kulturminnesok.no. Henta 17. juli 2023. 
  5. Askheim, Svein (25. januar 2023). «Vadheim». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. «Stoggar produksjonen - sel krafta», Firda (på norsk), 22. desember 2006, henta 18. juli 2023 
  7. «Valgresultat for Vadheim», NRK (på norsk bokmål), henta 18. juli 2023 
  8. «Valgresultat for Vadheim – Valg 2019», NRK (på norsk bokmål), henta 18. juli 2023