Skullerud er eit strøk i Bydel Østensjø i det søraustlege Oslo. Det ligg sør for Bogerud, på grensa mot Østmarka.

Det gamle hovudkvarteret til Norsk Data (seinare kalla Comma) i Olaf Helsets veg på Skullerud.
Foto: Hans-Petter Fjeld

Historie endre

Skullerud gard har røter tilbake til mellomalderen. Namnet «Skullerud» er samansett av mannsnamnet Skule og norrønt ruð (rydning).[1]

Bustadsutbygginga byrja etter 1964, men det finst òg nokre kontorbygg her, m.a. dei tidlegare lokala til Tandberg og Norsk Data.

Før bydelreforma i 2003 låg Skullerud i Bydel Bøler.

Samferdsel endre

 
Skullerud vannrenseanlegg i skogen ved Skullerud.

Skullerud stasjon var endestasjon for Østensjøbanen fram til banen vart forlengd til Mortensrud i 1998. Skullerud har ein liten bussterminal i samband med T-banen. Her går busslinjene: 70 (Skullerud T – Rådhuset), 76 (Hauketo stasjon – Helsfyr T), 79 (Åsbråten/ Holmlia stasjon – Grorud/Furuset). Frå hausten 2016 byrja Flybussen å stoppa her.

Nærleiken til marka gjer at Skullerud ofte vert nytta som utgangspunkt for skiturar, mellom anna til Skullerudstua.

Eitt av vassreinseanlegga i Oslo ligg på Skullerud.

Skular og idrett endre

Barneskulen i området heiter Rustad skule. Skullerud skule er ungdomsskule, og ligg i skogkanten, like ved Skraperudtjern.

Rustad IL er idrettslag for fotball og langrenn. Rustad skule vart grunnlagd i 1967 og korpset vart stifta i 1968. Rustad er ved Østensjøvannet. På Rustad skule finst det kunstgrasbane, svømmehall og skulehage.

Næringsliv endre

Skullerud har Nord-Europas største klatresenter. Det er òg nokre restaurantar på Skullerud torg. På Skullerud er det helsestudioet, to frisørsalongar, Rema 1000, Coop Prix, Plantasjen og ein gresk cafe. På Skullerud er det òg eit helsetorg med legar, tannlegar, fotpleie og fysioterapi.

Folk frå Skullerud endre

Referansar endre

  1. Tvedt, Knut Are (red.). «Skullerud (Skulerud), gnr. 168/1.». Oslo byleksikon (4. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 394. ISBN 82-573-0815-3.