Østensjøvannet
Østensjøvannet ligg midt i bydelen Østensjø i Oslo. Drabantbyar og bustadstrøk rundt Østensjøvannet er Bogerud, Abildsø, Manglerud, Rognerud, Oppsal, Ulsrud og Bøler.
Østensjøvannet | |||
innsjø | |||
Østensjøvannet sett frå sørenden (Foto: Hans-Petter Fjeld)
| |||
Fylke | Oslo | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11,55 km² | ||
Høgd over havet | 105 moh. | ||
Lengd | 1,77 km | ||
Breidd | 260 km | ||
Areal | 0,29 km² | ||
Middeldjupn | 2,0 m | ||
Volum | 0,58 millionar km³ | ||
Koordinatar | 59°53′18.002″N 10°49′36.988″E / 59.88833389°N 10.82694111°E | ||
Østensjøvannet 59°53′18″N 10°49′37″E / 59.888333333333°N 10.826944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Østensjøvannet |
Østensjøområdet miljøpark
endreØstensjøvannet og omkringliggande våtmarksområde (532 dekar) utgjer Østensjøområdet miljøpark og vart verna som naturreservat (VV00000972) den 2. oktober 1992.
Området har stort biologisk mangfald og vert rekna som ein av dei rikaste innsjøane i landet på vass- og sumpvassplanter. Det er påvist meir enn 440 planteartar og 210 fugleartar i reservatet, mellom anna fleire trekkfuglar. Det er dessutan registrert 8 artar med flaggermus, 1 835 insektartar, 4 artar med amfibium, 12 snigleartar og 3 igleartar ved vatnet. Mange av artane står på nasjonal raudliste.[1]
Kjelder
endre- ↑ Verneområde i Oslo sortert på kommuner. Naturbase. Direktoratet for naturforvaltning Arkivert 2008-06-11 ved Wayback Machine.. Vitja 4. april 2008
Bakgrunnsstoff
endre- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Østensjøvannet, Østensjøvannet naturreservat». Oslo byleksikon (5. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 637-638. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Tor Dagre, red. (1980). «Østensjøvannet». Natur og miljø i Oslo. Oslo: Universitetsforlaget. s. 72-77. ISBN 82-00-05320-2.
- Østensjøvannets Venner