Skulleruddumpa er eit dalsøkk i den søraustre delen av Oslo. Det ligg på grensa mellom Bydel Søndre Nordstrand og Bydel Østensjø. Ljanselva og turvegen langs elva går igjennom botnen av Skulleruddumpa.

Skulleruddumpa
dal
Skulleruddumpa sett frå Mortensrud.
Land  Noreg
Kart
Skulleruddumpa
59°51′45″N 10°49′51″E / 59.862416666667°N 10.830833333333°E / 59.862416666667; 10.830833333333

Europaveg 6 går igjennom området i retning nord-sør. Frå vest kjem Nordstrandvegen frå Leirkallen og møter E6 i Skullerudkrysset, som ligg midt i Skulleruddumpa.

Skulleruddumpa ligg i eit dalsøkk. I nord og vest for E6 ligg Bergkrystallen på Lambertseter, medan Skullerud ligg austom motorvegen. I sørvest ligg Leirkallen skisenter i retning Mortensrud, medan søraust for dumpa ligg Smedåsen, Korpsåsen og andre høgdedrag i Østmarka.

Det er bygt ein parkeringsplass i Skulleruddumpa, med gangveg og skiløype inn til Skullerudstua og marka.

Skullerud sag låg i området, og det var ein gammal sagdam her medan saga var i bruk. Han vart seinare fylt igjen, men han vart attskapt i 2001, omtrent slik han ein gong låg.[1][2]

Historie endre

Det låg òg ein husmannsplass under Lambertseter med namn Dalen i Skulleruddumpa, og to andre plassar med namn Dritut og Skullerudbru er òg nemnde. Desse forsvann i løpet av 1800-talet, men seinare er husmannsplassen Skullerudmyra omtalt.[3]

Referansar endre

  1. Ekanger (2000), side 26
  2. «Ljanselva flyter i medvind». Aftenposten. 5. oktober 2007.
  3. Ekanger (2000), side 57-59

Litteratur endre