Skuronn er ei onnhaustenkornet vert hausta. Tidlegare vart kornet skore med sigd, eller slege med ljå. Når kornet vart skore vart det samstundes samla og bunde til høveleg store kornband. Dette arbeidet kravde at ein stod bøygd heile dagen og det førte til mange stive ryggar rundt om på gardane. Når kornet vart skore med sigd var både kvinner og menn var med på dette arbeidet, men når det vart slege med ljå var det mennene som slo og kvinnene som batt. Kornbanda vart sette på staur for å tørka og når kornet var tørt vart det køyrd inn og lagra på kornlåven. Treskinga skjedde som oftast seinare på hausen, eller ut over vinteren.

Skuronn i gamle dagar. Målarstykke av Abel Grimmer (om lag 1570-om lag 1619), flamsk målar, Antwerpen.
Moderne skuronn med skurtreskar.
Havreskjering med sigd på Fossheim i Jølster på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Rundt 1850 kom dei fyrste sjølvavleggarane for hest på marknaden i USA og seinare vart det utvikla sjølvbindarar som i tillegg til å slå kornet samla det og batt det saman til kornband. Då sjølvbindarane kom til Noreg tidleg på 1900-talet var det berre storgardane som såg seg råd til å kjøpa dei, men etter kvart fekk òg mindre gardsbruk sjølvbindarar. Desse maskinane gjorder slutt på det tidkrevjande arbeidet med å skjera kornet.

skurtreskarane vart utbreidd gjekk skuronna enda snøggare. I dag vert det nytta store og effektive skurtreskarar, som gjer at kornet kan haustast i rett tid og det er lettare å unngå tap på grunn av overmodning.

Sjå òg endre