Sigd
- Sjå òg den etiopisk-jødiske sigdhøgtida
Ein sigd er ein jordbruksreiskap med meir eller mindre kurva blad og kort handtak. Sigdar blei brukte til å hausta kornavlingar for hand før ein tok i bruk maskiner til å gjera dette.
Bladet på sigden er skarpt på innsida av kurva, og ein svinger dette mot botnen av strået som blir skore og samstundes fanga opp i sigden.
Eit blad som har blitt brukt til å skjera kornslag, som inneheld silisiumdioksid (SiO2), får eit særskilt skin av dette. Dette særpreget kan arkeologar nytta til å sjå om eldgamle steinreiskaper har vore brukte til jordbruk.
Som symbol
endreI gresk mytologi brukte Kronos og Persevs sigden som våpen. I romersk mytologi hadde guden Saturn sigd som symbol.
Innan kommunismen blei hammaren og sigden eit symbol på arbeidaren og bonden. Dette symbolet blei mellom anna brukt i det sovjetiske flagget.
-
Ein sigd i bruk
-
Bondekone med sigd, måleri av Walter Graf Von Kalckreuth
-
Hammar og sigd blei eit viktig kommunistisk symbol
-
Sigden nytta som kommunevåpen, her Krina kommune i Tyskland