Staur
Staur (norrønt staurr, i slekt med verbet «å stå») er ein stor stokk som er kvessa i ein ende. Staur kan mellom anna brukast til gjerde, hesjer og handspik. Ein jernstaur er ei stauraktig jernstong som kan brukast som spett.
I geologi viser «staur» til ei søyle av stein som står fråskild frå anna land.
I norsk politisk historie er staur kjend frå uttrykke «å bera staur». Då Per Borten gjekk av som statsminister etter at koalisjonsregjeringa hans braut saman, likna han leiarvervet med å bera ei tung bør av staur som hadde byrja å sprika.[1]
Kjelder
endre- ↑ Bortens regjeringskrise 1971 (5:21) (04:30) ved nrk.no