Skurugata

naturreservat i Jönköping, Sverige

Skurugata er ei uvanleg geologisk danning i Eksjö i Jönköpings län i Sverige. Skurugata er ei omkring 800 meter lang kløft i fjellet som er mellom 7 og 24 meter brei. Det finst fleire liknande «skuror» på andre stader i austre Småland, der Skurugata er den største. Dei bratte fjellveggane er på visse stader 35 meter høge.

Skurugata
kløft
Land  Sverige
Kart
Skurugata
57°41′52″N 15°05′08″E / 57.697772226313°N 15.085615216401°E / 57.697772226313; 15.085615216401
Wikimedia Commons: Skurugata

Det finst ei rekkje teoriar om korleis kløfta ein gong vart danna. Den vanlegaste forklaringa er at kløfta vart graven ut av ei iselvinnlandsisen smelta. Andre trur at kløfta er ein sprekk i fjellgrunnen eller ein forkastning. Fjellet i området og steinane på botnen av kløfta består av gråbrun og mørkbrun porfyr med innlegg av kvarts og raud feltspat.

Det finst ei rekkje mosearter i sprekken, nokre av desse finst elles berre i fjellområde. I dei omkringliggande skogane finst òg eit interessant fugleliv. Blant anna kan ein påtreffe storfugl, orre, jerpe og ramn.

Sjølv på varme sommerdager pleier det å vere svalt i botnen av kløfta, og einskilde år har haugar av snø og is lege til langt ut på sommaren. Tidleg på sesongen og etter kraftig regn kan sprekken verte fylt av vatn. Området kring Skurugata er eit naturreservat og i området finst ein sti, kring 2 km lang, som går gjennom heile sprekken og opp på fjelltoppen Skuruhatt.

I midten av kløfta finst ein stein som det går å løfte bort, og bak denne finst ei gjestebok, plasseringa er markert med eit skilt på klippeveggen.

Ei segn seier at ei bøsse finst gøymd i Skurugata, han skal ha vorte gøymt av ein person kalla «Tjuva-Jösse». Det vert sagt han som finn bøssa vil få stor lukke i livet.

Kjelder endre