Sky Pilot
Singel av Eric Burdon & The Animals
frå albumet The Twain Shall Meet
A-side

«Sky Pilot (Part One)»

B-side

«Sky Pilot (Part Two)»

Utgjeve Januar 1968 (UK)
Juli 1968 (USA)
Innspelt 1967
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock, støyrock
Lengd 7:27 (album)
2:55 (part 1)
4:30 (part 2)
Selskap MGM 1373 (UK)
MGM K13939 (U.S.)
Låtskrivar(ar) Burdon, Briggs, Weider, Jenkins, McCulloch
Produsent Tom Wilson, arrangert og instrumentert av Vic Briggs
Eric Burdon & The Animals-kronologi 
«Monterey»
(USA, Nov 1967)
Sky Pilot «White Houses»
(1968)


«Sky Pilot» er ein song frå 1968 av Eric Burdon & The Animals, frå albumet The Twain Shall Meet. Songen vart delt i to delar og gjeven ut som singel med dei to delane på kvar si side. Som «Sky Pilot (Parts 1 & 2)» nådde singelen 14. plass i USA og 15. plass i Canada.

«Sky Pilot» er namnet på ein feltprest.

Besetninga på songen er Eric Burdonsolovokal, Vic Briggsgitar, John Weidergitar og elektrisk fiolin, Danny McCullochbassgitar og Barry Jenkinstrommer.

Songen er ein ballade-aktig scene som er teken rett ut frå livet om ein feltprest som velsignar soldatane like før dei skal ut på ein nattleg patrulje eller raid, og så ventar på at dei skal kome attende.

Songen vert universelt tolka som ein antikrigssong. Det er ingen openberre antikrigsmeldingar, men inga lovprising av krig heller. Krigen det er snakk om vert vanlegvis rekna for å vere Vietnamkrigen.

Kjelder endre