The Twain Shall Meet
The Twain Shall Meet Studioalbum av Eric Burdon & The Animals | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1968 | |
Innspelt | Desember 1967 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 43:11 | |
Selskap | MGM | |
Produsent | Tom Wilson | |
Britisk Eric Burdon & The Animals-kronologi | ||
---|---|---|
Winds of Change (1967) |
The Twain Shall Meet | Love Is (1968) |
Amerikansk Eric Burdon & The Animals-kronologi | ||
Winds of Change (1967) |
The Twain Shall Meet | Every One of Us (1968)
|
The Twain Shall Meet er eit album frå 1968 av Eric Burdon & The Animals. Tittelen på albumet er henta frå diktet «The Ballad of East and West» av Rudyard Kipling.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Rolling Stone | (negativ) [1] |
Albumet inneheld «Sky Pilot», ein antikrigssong om Vietnamkrigen, med lydar av eit styrtande fly og eit gitarriff av Vic Briggs, og «Monterey», bandet si hyllest til Monterey Pop Festival i 1967. Kritikaren Bruce Elder frå Allmusic har skildra songen «All Is One» som «unik i pophistoria som eit psykedelisk stykke, som blandar sekkepiper, sitar, oboar, horn, fløyter og ein forholdsvis idiotisk tekst, alt innanfor ei ramme som aukar tempoet på liknande vis som dansemusikk frå Zorba the Greek, samstundes som dei etterliknar Spencer Davis Group sin 'Gimme Some Lovin''.»[a]
Albumet nådde 78. plass på den amerikanske albumlista.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Eric Burdon, Vic Briggs, John Weider, Barry Jenkins & Danny McCulloch, botrsett frå «Orange and Red Beams», skriven av McCulloch.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Monterey» | 4:18 |
2. | «Just the Thought» | 3:47 |
3. | «Closer to the Truth» | 4:31 |
4. | «No Self Pity» | 4:50 |
5. | «Orange and Red Beams» | 3:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Sky Pilot» | 7:27 |
7. | «We Love You Lil» | 6:48 |
8. | «All Is One» | 7:45 |
Medverkande
endre- Eric Burdon - vokal (1, 3, 4, 6-8)
- John Weider - gitar, fiolin
- Vic Briggs - gitar
- Danny McCulloch - bass, vokal (2, 5)
- Barry Jenkins - trommer
Merknadar
endre- ↑ «unique in the history of pop music as a psychedelic piece, mixing bagpipes, sitar, oboes, horns, flutes, and a fairly idiotic lyric, all within the framework of a piece that picks up its tempo like the dance music from Zorba the Greek while mimicking the Spencer Davis Group's "Gimme Some Lovin'»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Twain Shall Meet» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Miller, Jim (22. juni 1968). «The Twain Shall Meet - Album Reviews - Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. januar 2015. Henta 24. mars 2018.