Eit skybrot er ei ekstremt kraftig regnbyge, ofte blanda med hagl og torevêr, som vanlegvis ikkje varer lenger enn eit par minutt, men som kan føre til mindre flaumar. Skybrot oppstår frå skyer som har stor vertikal utstrekking (cumulonimbus). Monsunregnet i juli og august fører til mykje vatn i jordsmonnet i Himalaya, og oppstår det då eit skybrot kan resultat vere katastrofalt.

Skybrot.
Foto: Tomasz G. Sienicki

Rask utvikling av nedbør i cumulonimbusskyer er mogeleg på grunn av ein nedbørsprosess kalla Langmuir, der store dropar veks raskt ved koalesens med mindre dropar som fell seinare.

I India får ein ofte skybrot når monsunskyene driv nordover frå Bengalbukta eller Arabiahavet mot Himalaya. Dette kan føre til så mykje regn som 75 millimeter i timen. Eit døme på eit slikt skybrot skjedde i Mumbai i juli 2005. Då kom det om lag 950 mm regn på åtte til ti timar. Dette lamma den største byen og det finansielle senteter i India.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skybrot