Skyskrapar er ei nemning som blir nytta om spesielt høge bygningar, per definisjon høgare enn 500 fot eller ca. 152,5 meter. I Europa er det etter kvart blitt vanleg å bruke 150 m som definisjon. Det engelse ordet skyscraper var opphavleg namnet på ei høg mast, eller eit segl, på eit seglskip.

Burj Khalifa, den høgaste skyskraparen i verda med sine 828 meter

1800-talet var det uvanleg at hus hadde meir enn seks etasjar; det blei for slitsamt for folk å gå trappane og vasstrykket i vassrøyra nådde berre 15 meter opp i bygget. Utviklinga innanfor stål, armeringsjern, heisar og vasspumper gjorde skyskraparane moglege. Den fyrste verkelege skyskraparen kom i Chicago, Home Insurance Building, og var ti etasjar høg.

Den høgaste skyskraparen i verda i dag er Burj Khalifa (828 m) i Dubai, medan den nest høgaste bygningen i Noreg, Oslo Plaza (117 m), ikkje eigentleg er ein skyskrapar, sjølv om både den og lågare bygningar av og til blir omtalt som skyskraparar i media.

Kjelder endre