Burj Khalifa
Burj Khalifa (tidlegare kjend som Burj Dubai) er ein skyskrapar i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. Han blei bygd ferdig i 2009 og opna den 4. januar 2010 som verdas høgaste menneskeskapte struktur nokonsinne, med ei høgd på 828 meter.
Burj Khalifa | |||
| |||
Offisielt namn | Burj Khalifa برج خليفة | ||
---|---|---|---|
Stad | Dubai i Dei sameinte arabiske emirata | ||
Arkitekt | Adrian Smith, Marshall Strabala, George J. Efstathiou, William F. Baker, Skidmore, Owings & Merrill | ||
Påbegynt | 2004 | ||
Opna | 4. januar 2010 | ||
Høgd | 828 m | ||
Etasjar | 160 | ||
Pris | 8 mrd NOK | ||
Tidlegare namn | Burj Dubai | ||
Stil | high-tech-arkitektur, neofuturisme | ||
Burj Khalifa 25°11′50″N 55°16′27″E / 25.197222222222°N 55.274166666667°E |
Bygningen er teikna av arkitektfirmaet Skidmore, Owings & Merrill i Chicago, som har teikna høge bygningar sidan 1936. Skyskraparen er bygd i stål, betong, aluminium og glas. Etter planen skal han innehalde hotell, forretningar, kinoar, kontor og luksushusvere.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Burj Dubai» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2007.